lørdag 15. januar 2011

Treda

Når eg ser gjennom bilete eg har tatt frå tidlegare reiser, er treda ofte ein vesentleg del av biletmaterialet mitt. Tre fengslar meg med deira skjønnheit, balanse, rake stamme og stødige røtter. Mønstre og blad, lyder, kviskring og lynne. Så eg fyller min framleis nyoppsprunge blogg med det som allerede er satt som tema for seinare.






Kart

Nakne tre liknar kart
Sjå kor fint grenser
er trekte opp med tusj

Elvar og fjell ter seg fram
frå nord til sud.
Trollkorgar og skjorereir
liknar byars punktum
i landskapet
farga av blått
purpur og fiolett

Etter dette kartet kan ein sigler mot våren

Anna Skeide frå "Eld skriv med skuggar"


Eit hannkjønn- tre